Ny rekord for Vinjerock

I fjor tok det litt over 3 timar før alle festivalpassa til Vinjerock hadde funne eigarar. Dei som trudde at dei hadde god tid på å skaffe seg festivalpass til 2013-festivalen og sov litt ekstra frampå den dagen salet starta, blei grundig skuffa. Laurdag vart billettane lagde ut for sal nøyaktig kl. 10.00, og kl. 10.02 var 3 000 festivalpass rivne bort. Arrangøren Vinjerock er nøgd med å ha status som landets mest populære festival. For dei 3 000 som var heldige dette året, er det berre å pakke teltet i sekken og førebu seg på 3 heftige frilufts- og rocka døgn i fjellheimen. I denne runden er Jaga Jazzist, Amund Maarud, Black Debbath, Ida Jenshus og svenske Räfven klare for neste års fjellfest. Og arrangøren lovar at det kjem fleire namn ut over heile vinteren og våren.